Eventus Sol-li barnehage

Eventus Sol-li barnehage er en flott og veldreven barnehage på Prestaneset ved Storebø på Austevoll. Våre verdiar er; Profesjonalitet, raushet og lidenskap.

Barnehagen er organisert i 7 avdelingar med plass opptil 115 barn. Barnehagen ligg naturskjønt til på Prestaneset sentralt på Storebø,  i idylliske omgivelsar med sjøutsikt, strand, skog og ville dyr som hjort, ørn og villsau. Barnehagen er og næreste nabo til parken «Vikinghaugen». Her har barnehagen fått opp bålhus og vikingskip.

Som ein natur- og friluftsbarnehage ønskjer barnehagen å gje dei fleste og viktigaste erfaringane gjennom planmessig å bruka impulsar natur- og friluftsliv kan gje. Leiken skal stå sentralt og barna får tid til å vere i naturen og ta i bruk alle sansane i møtet med fenomener i naturen. Eventus Sol-li barnehage har eigen turbuss som fraktar dei eldste barna ut til flott natur i heile kommunen.

Barnehagen sin visjon er klar og syner til barnehagen sitt verdigrunnlag. Barnet si tid i barnehagen legg eit viktig grunnlag for korleis barnet sin livshistorie vil sjå ut. Barnehagen ønskjer å gje barnet anledning til å danne nære relasjonar, få gode opplevingar og kjenne mestring gjennom leik, læring og danning i eit heilskapleg bilete. På den måten legg barnehagen eit godt grunnlag for barnet si evne til å tru på seg sjølv og til å få utvikle eit godt sjølvbilete.

Eventus Sol-li barnehage ønskjer å gjera kvardagen enklast mogleg for småbarnsforeldre og tilbyr «all inklusive» med matpakkefri barnehage og bleieavtale med stelleutstyr. Barnehagen har eigen kokk som tek barna med i matlaginga.