Eventus Haugland barnehage

Barnehagen sine verdiar er profesjonalitet, raushet og lidenskap.

Barnehagen er organisert i 3 avdelingar, med plass opptil 45 barn og ligg sentralt på Storebø, idyllisk til på Haugland omgitt mykje flott natur. Barnehagen har har eiga tomt i tilknytning til barnehagen med skog, eng, frukttrær, grønnsakshage og bærbuskar.

Barnehagen har óg smådyr som kaniner, høns, ender og til tider "alelam" som barna til dagleg er saman med ved mating, stell og lufting.

Som natur- og friluftsbarnehage er barnehagen særleg oppteken av å gje barna gode opplevingar ute og ønskjer å skapa eit stimulerande miljø som støttar opp under barna sin lyst til å leike, utforske, lære og meistre i naturen. Her vil barnehagen bidra til at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar ved planmessig å bruke impulsane  natur- og friluftsliv kan gje.

Barnehagen sin visjon er klar og viser til barnehagen sitt verdigrunnlag. Barnet si tid i barnehagen legg eit viktig grunnlag for korleis barnet si livshistorie vil sjå ut. Eventus Haugland barnehage ønskjer å gje barnet anledning til å danne nære relasjonar, få gode opplevingar og mestring gjennom leik, læring og danning i eit heilskapleg bilete. Slik blir det lagt eit godt grunnlag for barnet si evne til å tru på seg sjølv og barnet får utvikle eit godt sjølvbilete.

Eventus Haugland barnehage ønskjer å gjera kvardagen enklast mogleg for småbarnsforeldre og tilbyr «all inklusive» med matpakkefri barnehage og bleieavtale med stelleutstyr.